– Pinleg at dei ikke har fått dei ut av fengselet

Mathilde Moland besøkte sonen i fengselet i Kongo. Mora er mektig imponert over korleis Tjostolv og kameraten Joshua French klarer seg i fengselet.

Mathilde Moland har besøkt sønnen Tjostolv og Joshua French i fengselet i Kongo.

NETT-TV: Mathilde Moland heime på Vegårshei etter at ho besøkte sonen Tjostolv og kameraten Joshua French i fengselet i Kongo.

– Det var veldig godt å sjå kor godt han såg ut. Begge ser uforskamma godt ut. Dei viser knallhard sjølvdisiplin og er nøye med å stelle seg i motsetning til dei andre fangane som er ganske ureinslege, seier Moland til NRK.

Måndag kom mora heim til Norge etter seks dagar i Kinshasa i Kongo, der dei to nordmennene sit fengsla.

– Det gode når det gjelder Tjostolv og Joshua er at dei gir ikkje opp. Dei snakker om når dei kjem ut, då skal dei gjer det og det og det. No sett dei si lit til ei ny regjering i Norge til hausten. Det er pinleg for Norge at dei ikkje har klart å få dei ut, seier Moland.

Tre år sidan sist

Mathilde Moland hadde ikkje sett sonen på tre år, som var sist ho besøkte han i fengselet. Ho reiste saman med sjømannsprest Knut Lyngseth og ei venninne.

– Vi møtte Tjostolv og Joshua i luftegarden i fengselet. Dei er overflytta til tomannscelle. Det har vore bra for dei, seier ho.

Med seg i bagasjen hadde Mathilde Moland lesestoff slik at dei to nordmennene skal få tida til å gå i cella.

– Tvedestrandsposten er det absolutt viktigaste for dei. Dei er veldig opptekne av kva som skjer heime, seier ho.

– Opptekne av familien

– Dei pratar om heimlege ting. Dei er veldig opptekne av familie og korleis dei daglegdagse tinga er heime, seier Moland.

Ho fortel at både ho og sjømannspresten vart attkjend i fengselet.

– Det var veldig fint å ha med sjømannspresten. Han var ein døropnar i fengselet, seier ho.

5. mai er det fire år sidan sjåføren Abedi Kasongo vart drepen. 9. og 11 mai. 2009 var dei to nordmennene arrestert og sikta for drapet på sjåføren.

Dømde til døden

10. juni 2010 vart dei to dømde til døden. Moland vart dømd for drapet, medan begge vart dømde for spionasje, ulovleg våpenbesittelse, drapsforsøk, væpna ran og for å ha danna eit kriminelt forbund.

Dei to anka ikkje dødsdommen vidare, i håp om å få fortgang i ei soningsoverføring til Norge.

No har det altså gått nesten tre år sidan dei vart dømde.