Hopp til innhold

– Dei er ikkje gode nok for eliteserien

– Dei har rykka ned. Dei har ikkje sjanse, enkelt og greitt, seier Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo etter at Start fekk nok eit tap i eliteserien søndag.

Start

Lasse Sigurdsen sit på bakken medan publikum forlèt Sør Arena etter kampslutt søndag.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Start tapte 1–2 mot Odd på Sør Arena søndag kveld. Tapet fører seg inn i rekkja av dei 34 strake eliteseriekampane utan siger for Kristiansandslaget.

Start-trenar Steinar Pedersen vil ikkje svare på korleis laget hadde klart seg i førstedivisjon.

– Skal eg svare på det? Det var eit veldig hypotetisk spørsmål.

– Har allereie rykka ned

Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo er ein av fleire som meiner at Start ikkje lenger har moglegheit til å overleve i eliteserien.

– Det er for langt opp, og laga framfor tek poeng no. Det er tøft i botn, seier Fagermo.

– Start er for langt unna, så dei har allereie rykka ned.

Sist Start tok meg seg tre poeng i eliteserien var etter 4–1 sigeren på heimebane mot Stabæk 4. juli i fjor.

Odd-trener Dag-Eilev Fagermo er ikke særlig imponert av Start etter søndagens kamp i Kristiansand

Ikkje einig i kritikken

– Vi ligg der vi ligg, og om Fagermo meiner vi ikkje er gode nok for eliteserien så må han få lov til det.

Det seier Start-trenar Steinar Pedersen.

Fagermo meiner Start berre var ute etter å forsvare seg i søndagens kamp. Det er ikkje Pedersen einig i.

– Vi ønskjer å angripe, kontre, vere offensive og skape sjansar. Det er ikkje så mange år sidan Odd var i ein tøff situasjon sjølv. Vi går sjølvsagt ikkje på banen berre for å forsvare oss. Vi har vår måte å angripe på i den situasjonen vi er i.

Steinar Pedersen er ikke enig i at Start kun forsvarer seg i kamper - slik som Odd-treneren hevder.

– Kunne skapt meir trøbbel

Han skulle ønskje laget kunne utfordra Odd endå meir enn det dei gjorde.

– Eg skulle ønskje vi var endå tryggare og betre med ball i eige lag, og at vi fekk brukt den endå vassare for å få skapt fleire sjansar. Då kunne vi skapt endå meir trøbbel for Odd.

Ein gjennomgang NRK har gjort av tabellsituasjonen etter 19 serierundar viser at Start har den dårlegaste poengfangsten etter 19 serierundar dei siste 20 åra.

– Det har eg ikkje nokon kommentar til utover at vi jobbar på med vårt, seier Pedersen.

Start

Det vart nok eit tap i eliteserien for Start, då dei tapte mot Odd søndag kveld. Det er nesten ti år sidan sørlendingane slo Odd på heimebane.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %