NRK Meny
Normal

– Burde vere slik heile året!

Dei som skulle nytte kollektiv transport i Kristiansand fredag, fekk seg eit noko uvanleg syn. I løpet av natta har nokon pynta og møblert fleire busskur i byen.

Bussskur på Lund i Kristiansand innredet med møbler.

– Det ser ut som det er dratt rett ut av ei teaterscene!

Magnus Bergum Horverak har nettopp gått ut av bussen i Festningsgata i Kristiansand. Synet som møtte han var eit møblert busskur, utstyrt med blant anna ein stålampe, møblar til å sitte på, tradisjonell norsk veggpynt, bladhylle og After Eight.

– Dette er kjempekoseleg! Eg føler eg er på besøk hos bestemor, seier Horverak.

Trudde det var noko religiøst

Pyntet busskur

Beatrice Anihiri, Magnus Bergum Horverak og Terence Dougherty synest busskura i byen kunne sett slik ut heile året.

Foto: NRK Sorlandet / NRK

Tre busskur har blitt pynta i byen, eitt på Lund og to i Festningsgata.

Fleire stader i landet har busskur blitt pynta før. Då har blant anna grøne politikarar stått bak det. Men kven som har vore på pynteferd i Kristiansand, vitast ikkje.

– Først var eg redd for at det var noko religiøst opplegg. Men så såg eg at det var ei songbok som låg på hylla, og ikkje ei salmebok, ler Hovrerak.

Burde vore pynta året rundt

Terence Dougherty og Beatrice Anihiri tykkjer påfunnet er morosamt og kreativt.

– Kanskje ein bruktbutikk står bak? Det er veldig kunstnerisk og estetisk. Alle busskur burde vere slik, heile året!

Sjå bilete av dei overhala busskura i galleriet under