Hopp til innhold

– Bolaños passar perfekt i FCK

Sportsdirektøren i FC København er strålande nøgd med å sikre seg Christian Bolaños frå Start.

Christian Bolaños

PERFEKT: Sportsdirektøren i danske FC København meiner at Christian Bolaños passar perfekt inn i klubben.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Vi leitar alltid etter dei beste spelarane i kvar posisjon, og som høgre midtbane passar Bolaños perfekt inn hos oss, seier sportsdirektør, Carsen V. Jensen i FC København til klubben sine nettsider.

LES OGSÅ: – Ein kjempesjanse for meg
LES OGSÅ: Bolaños går til FCK

Skreiv under

Costarikanaren skreiv i dag under på ei fireårskontrakt med den danske klubben, som er klar for Meisterligaen.

– Vi har fulgt Bolaños si utvikling i Start dei siste åra, og eg er overbevisst om at han vil bidra positivt i FC København. Han jobbar hardt, er eksplosiv og ein driblesterk type med stor kreativitet på den siste tredjedelen av bana, seier sportsdirektøren.

Får nummer 30

Bolaños får trøye nummer 30 i den danske toppklubben. Han vedgår at det var moglegheit for spel i Meisterligaen, som gjorde at valet fall på FCK.

LES OGSÅ: FCK ønsker seg Bolaños
LES OGSÅ: Bolaños er misfornøyd

– Eg vil til København fordi det er ein stor klubb. Dei skal vere med i Meisterligaen. Alle spelarar vil spele i denne turneringa, seier Bolaños til NRK.no

– Eg vil jobbe hardt. Sjølvsagt har eg eit mål om å få speletid i Meisterligaen, men det krev hardt arbeid, seier han.

Comeback i dansk fotball

Bolaños har også tidlegare spelt i den danske toppserien. Opphaldet i OB vart ingen suksess.

LES OGSÅ: Uaktuelt å selge Bolaños

– Eg fekk lite tillit av trenaren den gangen, og det måtte eg respektere. Men tida i Noreg har gitt meg mykje, og eg er klar for å vise meg fram i FCK, seier Bolaños til ekstrabladet.dk.

Bolaños spelte sin siste kamp i Start-trøya i går i oppgjeret mot Rosenborg på Sør Arena. Costarikanaren scora eitt mål i 2-3 tapet.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %