– Blir rart å møte gamleklubben

Vipers Kristiansand-keeper Sakura Hauge seier det blir spesielt å møte gamle lagvenninner i Tertnes.

Sakura Hauge

Sakura Hauge skal vakte buret når Vipers Kristiansand møter gamleklubben hennar Tertnes.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det blir veldig rart i og med at eg har vore der så lenge. Eg er god ven med alle framleis. Det blir veldig rart. Eg tykkjer det kom litt brått på når vi skal møte dei så tidleg i sesongen, seier Hauge til NRK.

27-åringen har vore blant dei beste målvaktene i eliteserien dei siste åra.

Før denne sesongen valde ho å forlate fjorårets sølvvinnar Tertnes til fordel for hardtsatsande Vipers Kristiansand.

Legg venskap til side

– Hovudårsaka er at Vipers satsar skikkeleg hardt. Eg tykkjer det er rett å gå til ein klubb som vil mykje, seier ho.

Vipers opna sesongen med uavgjort mot Byåsen søndag. Når kampen vert blåse i gang i Aquarama er det fullt fokus på siger mot gamle lagvenninner i Tertnes.

– Slik blir det. Eg trur ikkje eg har lyst til å snakke med folk før kampen. Men etter kampen kjem eg til å snakke med dei, seier sisteskansen.

Siktar mot medalje

Hauge, som tok bronse med Tertnes i fjor, har tru på at Vipers kan kjempe heilt i toppen denne sesongen.

– For meg er medalje eit mål. At vi skal kunne klare å kjempe der oppe, seier ho.

– Eg merkar stor skilnad på dette Vipers-laget og laga dei har hatt tidlegare. Vi har fleire spelarar med fart og eksplosivitet, seier keeperen.

Hauge har i fleire år banka på døra til landslaget. På sikt er målet å spele seg inn på landslaget.

– Det er det. Men akkurat no har eg fokus på å prestere i Vipers, seier ho.