Hopp til innhold

– Bilistar må lære å avlive dyr

Yrkessjåfør Tor Njaa er lei av at bilistar gir blaffen etter å ha køyrt på dyr.

Grevling påkøyrd rv5 i Sogndalsdalen ved Bjelde

PÅKØYRD: Denne grevlingen vart påkøyrt i Sogndalsdalen i Sogn og Fjordane i førre veke.

Foto: Birger Meland / NRK

– Folk flest tykkjer nok det er ekkelt å ta i dyra. Å køyre rundt med kniv i bilen er kanskje ikkje så mange som gjer. Dyra skal avlivast om dei vert påkøyrd, og det spørst om ein ikkje bør få eit dødt dyr på benken og i verste fall lære å avlive det, seier Njaa til NRK.no.

Gjennom mange år som yrkessjåfør har Njaa sett både elg, kattar, rådyr og grevlingar som ligg blodige langs vegane.

– Plikt til å avlive

– Eg blir forferda. Det er ikkje noko hyggjeleg syn å sjå blodet og tarmane. I verste fall er det ikkje synlege skader, men dyret er gjerne seigliva og ligg der halvdaude. Det skal ikkje skje. Lovverket er på plass og bilisten har plikt til å hjelpe dei som er skadde, seier han.

Han oppmodar bilistar om å vere spesielt på vakt mot dyr på vegane på våren og månadene framover.

– Aktiviteten varierer med årstida. No er det vår og parringstid. På vinteren er mange av dyra meir passive. Det er tida no og fram mot sommarferien og endå lengre der dyra er meir aktive enn på vinterstid, seier Njaa.

Påkøyrd katt

DREPEN: Denne katten måtte avlivast på grunn av fleire brot i bakbein og rygg. I tillegg hadde den store skader på indre organ etter å ha blitt påkøyrd. Det gjekk lang tid før den fekk hjelp.

Foto: Dyrebeskyttelsen Norge

Får mange meldingar

Seinast i helga vart 59 reinsdyr påkøyrt og drepne på Nordlandsbana. Reinen som var på tur austover og måtte krysse togbana vart meia ned av eit tog som kom i stor fart.

– Det seier heilt klart at vi har eit problem. Du får vondt i magen når du ser slike saker. Eg håpar at dei som er ansvarlege ser at det er behov for å gjere noko, seier pressekontakt i Dyrebeskyttelsen, Linn Krogstad.

Dyrebeskyttelsen Norge får kvar einaste dag inn meldingar om dyr som er påkøyrd. Dyrebeskyttelsen nemner også fleire døme på dyr som har gått alvorleg skada i fleire dagar før dei vert funne og avliva.

– Vi får særleg meldingar om selskapsdyr som hundar og kattar. Det er spesielt på hausten vi får mange meldingar. I tillegg veit vi at det er mykje vilt som er påkøyrt, men klare tal har vi ikkje, seier pressekontakt i Dyrebeskyttelsen Norge, Linn Krogstad.

Video 59 rein påkjørt på Nordlandsbanen

PÅKØYRD: 58 rein var påkøyrd og drepne på Nordlandsbana søndag.

Foto: Ole Henrik Kappfjell

– Folk gir blaffen

– Vi ser ofte at dyra blir liggjande i vegkanten eller at dyr ligg hardt skada som ingen stoppar og tek seg av. Det er heilt klart eit problem at folk gir blaffen, dessverre, seier ho.

Dyrebeskyttelsen er usikre på avliving av skadde dyr bør bli ein del av køyreopplæringa.

– Eg vil heller oppfordre folk om å ta kontakt med næraste veterinær. Det kan vere vanskeleg å bedømme der og då om dyret må avlivast eller noko kan gjerast. I enkelte tilfelle er det jo snakk om eit knekt bein, som kan behandlast, seier Krogstad.

Vil ha pengar til sikring

Dyrebeskyttelsen etterlyser også meir pengar til å setje opp gjerder langs vegar og toglinjer for å hindre at dyra kjem inn i trafikken.

– Det kan gjere det betre. No håpar eg at nokon tek tak i det og løyver pengar til slike tiltak, seier ho.

Dyrebeskyttelsen oppfordrar også folk om å melde bilistar, som køyrer ned dyr og stikk av, til politiet.

– Bilistane har plikt til å hjelpe, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %