NRK Meny
Normal

– Barnevernet i Arendal braut arbeidsmiljølova

Eit eksternt firma har vurdert konfliktnivået i barnevernet i Arendal. I ein rapport NRK har fått tilgang til slår dei fast at barnevernet har brote arbeidsmiljølova.

Arendal Barnevernrapport

NRK har forsøkt å komme i kontakt med sjefen for barnevernet og kommunalsjefen i Arendal utan å lukkast.

Foto: Sundsdal, Svein

Firmaet Bedrift & Personalpsykologi blei hyra inn etter klager frå tilsette i barnevernet.

I tillegg var det eit sjukefråvær på 21,6 prosent i november i fjor, mot 12,6 prosent same periode året før, ifølgje rapporten.

I konklusjonen i rapporten går det fram at barnevernet har brote arbeidsmiljølova når det kjem til intern kontroll.

Får dårlege rutinar

Rapporten slår fast at kontrollrutinane har vore for dårlege, og at dei tilsette har vore for lite involvert i dette arbeidet.

Det vert også påpeika at det må gjerast noko med konfliktnivået i barnevernet. Det vert mellom anna peika på at arbeidssituasjonen ikkje er bra for verken tilsette eller leiinga.

Det vert også påpeika at har vore episodar av trakassering. Det går ikkje fram kva trakasseringa går ut på.

Firmaet vurderer ikkje dette som så alvorleg at det kan vere i strid med arbeidsmiljølova.

Vil ikkje kommentere

NRK har forsøkt å komme i kontakt med sjefen for barnevernet og kommunalsjefen i kommunen utan å lukkast. I staden tok rådmann Harald Danielsen kontakt med NRK på vegne av dei to og kommunen.

Han vil førebels ikkje kommentere innhaldet i rapporten.

– Den vart sendt ut til folkevalde og tilsette i dag. Eg vil gje dei moglegheit til å lese rapporten før vi kommenterer saka, seier han til NRK.

Varaordførar Anders Kylland ventar at det vert teke tak i problema som er påpeika i rapporten.

– Den avdekkar at det er mykje å ta fatt i. Alle partar må bidra til å betre kommunikasjonen slik at vi kan få gjenoppretta tilliten til barnevernet, seier han til NRK.

– Det ligg eit særskilt ansvar på leiinga i barnevernet og barnevernsleiaren for å legge til rette for å rette opp det denne rapporten avdekkar vert følgt opp. Det er heilt avgjerande for ein kommune som Arendal at vi har ei barnevernsteneste som har tillit ut blant innbyggjarane, seier Kylland.