NRK Meny
Normal

– Arendalsuka blir ikkje svekka

Arendalsordførar Einar Halvorsen lovar at Arendalsuka blir like sterk neste år, trass i at dei politiske partia ikkje vil prioritere den.

Partilederdebatt

Partileiarane i debatt under Arendalsuka i år.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Einar Halvorsen

Arendalsordførar Einar Halvorsen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Eg trur at Arendalsuka har blitt ei så sterk merkevare med det vi har fått til. Eg trur vi vil behalde den høge kvaliteten og den store tilslutninga vi hatt dei åra vi har arrangert den, seier Halvorsen til NRK.

Laurdag fortalde NRK at dei politiske partia vil nedprioritere Arendalsuka på grunn av at den kolliderer med valkampen.

Tok omsyn til media

Rådet for veka har bestemt at den skal gå føre seg i tidsrommet 12.–18. august. Dei politiske partia har bede om at arrangementet blir lagt til veka før på grunn av lokalvalkampen.

Men arrangørane vert «tvinga» til å halde på den planlagde datoen på grunn av dei store mediehusa.

NRK, TV2 og VG har gitt tilbakemelding på at Arendalsuka ikkje kan flyttast på grunn av ferieavvikling. Det gjer at arrangøren held fast på tidspunktet for Arendalsuka neste år.

– Hadde vi flytta kunne det ha gjort at media ikkje kunne ha prioritert Arendalsuka, seier Halvorsen.

Han understrekar mellom anna at partileiarane kjem til å stille til partileiardebatt uansett.

– Vi har stor sympati og respekt for at partia ikkje kan bruke så mykje ressursar her nede når det er ein kommunevalkamp. Men eg er heilt sikker på at dei sentrale politikarane som vert invitert kjem til å vere med på debattmøte og tv-sende møter, seier Halvorsen.

Partilederdebatt

Einar Halvorsen seier at partileiarane kjem til å stille til partileiardebatt uansett når Arendalsuka vert arrangert.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Forstår dei politiske partia

Han trur at mange av statsrådane, statssekretærane og folk elles i partiapparata ikkje kan bruke heile veka i Arendal.

– Vi vil nok kanskje sjå at mange av statsrådane ikkje kjem til å vere i Arendal heile veka, slik som i år, seier ordføraren.

Dei politiske partia har gitt beskjed om at dei må fordele ressursane rundt om i landet på grunn av valkampen.

– Vi har full forståing for at dei ikkje kan bruke så mykje ressursar som i år. Men det vil ikkje redusere kvaliteten på programpostane vi til sjuande og sist legg opp til, seier han.

Halvorsen seier også at dei måtte ta omsyn til utstillarane under Arendalsuka.

– Vi har 105 utstillarar å ta omsyn til. Hadde vi flytta Arendalsuka til tidlegare i august hadde det skapt trøbbel for utstillarar som var i ein feriesituasjon, seier Halvorsen.

Situasjonen skal drøftast vidare på eit møte tysdag ettermiddag.