NRK Meny
Normal

– Alltid drøymt om å springe ut på Åråsen

Søndagens kamp mot Lillestrøm blir spesiell for Start-spelar Kristoffer Ajer (16). Ungguten møter barndomsklubben på Åråsen.

Statistisk sett vil Start få det tøft mot Lillestrøm på Åråsen på søndag. Men Starts unge stjerneskudd, Kristoffer Ajer, klarer nesten ikke å vente på kampen mot moderklubben.

Sjå reportasje med Kristoffer Ajer.

Start Sarpsborg 08

Kristoffer Ajer jublar for Start-scoring.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Det blir veldig morosamt. Gjennom heile barndommen har eg drøymt om å spele på Åråsen. Å endeleg kunne gjere det er fantastisk morosamt, seier Ajer til NRK.

– Det er ikkje så nøye kva drakt eg har på meg når eg spring ut på Åråsen. Berre å gå ut på matta blir stort, sier stortalentet.

Flytta til Kristiansand

16-åringen forlet barndomsklubben til fordel for Start før denne sesongen. Årsaka er at han har to søstre på Sørlandet.

– Ei av dei har fått barn, så foreldra mine ville bu nærare barnebarna, seier Ajer.

Etter at Babacar Sarr vart seld til Sogndal har stortalentet fått mykje tillit av trenar Mons Ivar Mjelde. Ajer er også den yngste Start-spelaren som har spelt i eliteserien.

– Mange i Lillestrøm har gratulert meg. Både materialforvaltar og trenarar. Vi har ein veldig fin tone, seier 16-åringen.

På Åråsen søndag kjem Ajer til å spele føre gamle vener og kjende på tribunane.

– Eg veit at nokon har laga diverse plakatar. Dei er gode vener, men sinte fordi eg reiste frå Lillestrøm, ler han.

Går for tre poeng

Start tapte førre serierunde mot Aalesund og har allereie sikra plassen i eliteserien. Lillestrøm tapte borte mot Strømsgodset førre helg.

– Begge lag er nok lystne på å vise seg frå ei betre side. Vi skal gjere det vi kan for å hente tre poeng, seier han.

– Vi spelar alltid for å ta tre poeng, sjølv om det kanskje ikkje såg slik ut i sist kamp. Spelar du i eliteserien tenker du aldri at det ikkje er noko å spele for, seier Ajer.

Åråsen stadion

Søndag får Kristoffer Ajer draumen i oppfyllelse. Han får spele på Åråsen.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix