Hopp til innhold

– Alle vil få pengane sine

Arrangøren av ein antimobbefestival i Arendal er i ferd med å gjere opp for seg, etter å ha blitt skulda for både underslag og svindel.

Plumbo framfører sin "Ola nordmann" for andre gang.

Bandet Plumbo har fått betalt etter antimobbe-festivalen i Arendal.

Foto: Trond Reidar Teigen/Scanpix

Bandet Plumbo var ein av kreditorane etter festivalen som skulle sette fokus på mobbing.

– Vi har fått betalt. Festivalen har gjort opp for seg, seier frontmann i bandet, Lars Erik Blokkhus til NRK.

I kontrakten med festivalen gjekk det fram at Plumbo skulle få 45 000 kroner for å opptre. Kongsberg Lyd og Lys stadfestar at dei er i dialog om å få dei 44 500 kronane dei hadde krav på.

Det er festivalarrangør Anina Lauritsen som har skrive under kontraktane på vegner av festivalen.

– Ingen skal vere skadelidande

No lovar arrangør Anina Lauritsen at også dei andre kreditorane skal få pengane dei har krav på.

Anina Lauritsen

Anina Lauritsen står som arrangør av antimobbefestivalen på Tromøy i Arendal.

Foto: Pål Tegnander / NRK

– Ingen skal vere skadelidande. Alle skal ha pengane sine. Den skittentøyvasken som har vore til no, vil eg ikkje vere med på, seier Lauritsen til NRK.

Ho forklarar at ho har teke opp private lån for å betale kreditorane.

Det var leiar i organisasjonen Stopp Mobbingen, Tore Sveum, som melde Lauritsen til politiet.

Sveum meinte han og organisasjonen vart lurt og hevda at det ikkje var gjort greie for 196 000 kroner etter festivalen. Lauritsen svara med å melde Sveum til politiet for trakassering.

Festivalen brukte billettdistributøren Ticketmaster til førehandssal av billettar. Det vart teke ut 600 billettar frå Ticketmaster som skulle seljast fysisk på staden.

Sveum har tidlegare stilt spørsmål om kvar pengane etter salet av dei 600 billettane har vorte av.

– Desse pengane har eg ikkje sett noko til, sa Sveum.

Leverte billettar til politiet

Billettar til antimobbefestival Arendal

Her er billettane som vart levert til politiet måndag.

Foto: Privat

No forklarar Lauritsen at 562 billettar er levert til politiet. Ho fortel at dei 38 resterande billettane vart gitt bort før og under festivalen.

16 skal ha blitt gitt bort til tilsette ved Hove camping, der festivalen vart arrangert.

16 billettar skal ha blitt gitt til eit band som spelte under festivalen. Dei seks siste skal ha blitt gitt til familie og vener av Lauritsen, som står som arrangør.

Tidlegare har Lauritsen vore tilbakehalden om opplysningar i saka. Det forklarar ho med følgjande:

– Det har vore ei stor belasting å bli feilaktig skulda for underslag. Eg avslo å kommentere fordi eg ville snakke med advokat, seier ho.

Billettar antimobbefestival i Arendal

562 billettar vart levert til politiet måndag.

Foto: Privat

Går i underskot

Ifølgje Lauritsen var avtala med Stopp Mobbingen at organisasjonen skulle få eit eventuelt overskot etter festivalen.

Festivalen kjem til å gå i minus. Dette vil Lauritsen dekke av eiga lomme.

– Stopp Mobbingen har aldri vore arrangør. Eg står for kontraktar og alt. Eg kan ikkje forstå korleis eg kan skuldast for underslag i ein festival eg står for sjølv, seier ho.

Arrangøren forklarar også at ho fraus utbetalinga frå Ticketmaster bevisst. Desse pengane sit framleis billettdistributøren på.

– Når det kjem til pengar stolar eg berre på meg sjølv, seier ho.

– Siste ord ikkje sagt

Leiar i Stopp Mobbingen Tore Sveum seier til NRK at han er glad for at Lauritsen no lovar å betale alle kreditorane.

Han anslår at festivalen skuldar organisasjonen kring 40 000 kroner.

Dette er pengar Lauritsen ikkje har planar om å betale. Ho seier ho ikkje har fått dokumentasjon på kva utlegg organisasjonen Stopp Mobbingen meiner dei har hatt.

– Det er ein risiko dei må ta. Eg kan ikkje stå ansvarleg for det. Eg tok min risiko, seier ho.

Sveum stadfestar også at han sit på ei kontantkasse etter festivalen. Han hevdar at det er kring 12 000 kroner. Lauritsen seier ho trur det er snakk om eit større beløp.

Sveum seier at det ikkje står nokon stad at organisasjonen hans skulle få dekke utlegga dei hadde.

– Men det var ei felles forståing for det, seier han.

– Det var aldri ei felles forståing for det. Dei skulle ha eit eventuelt overskot, seier Lauritsen.

– Siste ord i denne saka er ikkje sagt, seier Sveum.

Tore Sveum

Tore Sveum er leiar i organisasjonen Stopp Mobbingen.

Foto: privat

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %