Hopp til innhold

– Alkohol og båt høyrer ikkje saman

Båtfolk og politi er samstemte: båt og alkohol høyrer ikkje saman. No vil fleire senke promillegrensa på 0,8.

Gunnar Jensen

NULL ALKOHOL: Gunnar Jensen klarar seg fint med eplejuice når han er ute på sjøen. - Alkohol og båt høyrer ikkje saman, seier Jensen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det høyrer ikkje saman i det heile. Eg ser at det er ei noko liberal haldning hos mange. Mi haldning er kystallklar, det høryer ikkje saman, sjølv om grensa er 0,8 på sjøen, seier Gunnar Jensen frå Sandefjord.

Båt og alkohol

NEI! Båtførar NRK.no har snakka med er samstemte - alkohol og båt høyrer ikkje saman.

Foto: Berge, Asbjørn Odd / Asbjørn Odd Berge/NRK
Knut Storberget

- TA ANSVAR: Justisminister Knut Storberget meiner at folk må ta ansvar til sjøs.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX
To personer omkom og to er skadet i en båtulykke i Røyken.

ULYKKE: To personar omkom, og to vart skada då denne skjærgårdsjeepen køyrde i stor fart og trefte brygga i Røyken i april i fjor. Mannen hadde drukke alkohol før ulykka.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

For han er det uaktuelt å drikke alkohol når han køyrer båt.

– Det har nok litt å gjere med at eg har køyrt mykje bil, der det er strengare reglar. Så har det jo vore ein del ulykker der det tydlegvis har vore alkohol inne i bilete, seier han.

I fjor omkom 33 menneske i samband med fritidsbåtulykker i landet. I ein tredjedel av tilfella var promille medverkande årsak.

Tresjekte og pils

Også politiet er klinkande klare på alkohol og båt. Sjølv om grensa er på 0,8 promille skal det ikkje drikkast alkohol når du skal køyre båt.

– Du skal ikkje drikke alkohol når du køyrer båt, enkelt og greit. 0,8 er jo berre ei teknisk grense. Alkohol og båt høyrer rett og slett ikkje saman, seier stabsjef i Agder politidistrikt, Bård Austad til NRK.no.

– Eg har ein følelse av at det heng litt att frå kulturen med ei lita tresjekte og ei pils i handa å gjere. Men det passar ikkje med dagens båtar som stadig vert større og kraftigare, seier han.

– Folk må ta ansvar

Men det ligg truleg langt fram i tid å redusere promillegrensa til sjøs. Regjeringa har ikkje teke stilling til å redusere promillegrensa.

– Alle har ansvar for tryggleik på sjøen. Promille og båtliv høyrer ikkje saman. Det er viktig at folk tek ansvar for å redusere farten, bruke flytevest og ikkje bryte promillegrensene, seier justisminister Knut Storberget til VG.

– Vi vil løpande vurdere tiltak for å skape meir sikkerheit på sjøen. Det er viktig at politiet er tilstades, at det vert stilt krav til båtføraropplæring for dei yngste førarane. Felles tryggleik på sjøen er eit felles ansvar, seier han til avisa.

Gunnar Jensen trur mange opplever reglane som «friare» til sjøs enn på land.

– Mange tenkjer nok kanskje at du ikkje treng den konsentrasjonen som er naudsynt når du køyrer ein bil. Men det er definitivt det. Ein må følgje både sjøkart, kartplotter og omgivnadene rundt. Det krev sin konsentrasjon, seier han.

– Ravar rundt utan kontroll over båtane

– Mange tenkjer nok at det ikkje er så farleg med ei pils. Så blir det endå ei og mange fleire. Så er plutseleg fokuset borte frå det som er sentralt, nemleg det å ha sikkerheit når ein køyrer båt, legg Jensen til.

Roger Pettersen frå Skiptvedt i Østfold har akkurat lagt til ved gjestehamna i Krisitansand. Han ser mykje uvettig køyring der det tydeleg er alkohol inne i bilete.

– Det er alt for mykje uvettig køyring. Eg har inntrykk av at det er veldig mykje ungdommar. Du ser at folk nesten dett ut av båtane og ravar rundt og ikkje har kontroll på båtane. Det er grusomt å sjå på, seier han.

– Risikoen er veldig stor for at det skjer noko gale dersom du misser kontrollen. Så ein bør abosolutt ikkje køyre båt i rusa tilstand, seier han.

Roger Pettersen

UVETTIG KØYRING: Roger Pettersen seier at det ikkje hadde vore dumt om promillegrensa hadde blir strengare til sjøs.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vil ha strengare reglar

Dei to båtførarane meiner begge at grensa på 0,8 gjerne kunne ha blitt strengare.

– Det hadde ikkje gjort noko om grensa hadde vore lågare. For min del hadde ikkje det vore noko problem, seier Pettersen.

– Kanskje burde ein ha lik grense på bil og båt slik at det vert større fokus og skjerping på dette, seier Jensen.

Bård Austad

- NULLOPPFATNING: Bård Austad i Agder-politiet seier at alkohol og båt ikkje høyrer saman.

Foto: Jan Jørg Tomstad / NRK

– Eg har sett frykteleg mange nestenulykker og forstår at er kun er flaks som gjer at det ikkje skjer med ulykker og dødsulykker enn det gjer, seier Pettersen.

Bård Austad i Agder-politiet vil ikkje skjære alle over ein kam, og seier at dei aller aller fleste køyrer med vet.

– Vi bør snakke om ei nulloppfatning der alkohol ikkje er ein del av båtkøyringa. Men eg har som sagt ein følelse av at enkelte har inne kulturen med tresjekte, som går litt seinare og ei kald pils, seier Austad.

Mest alkohol i Sør- Norge

Tysdag kom det fram at folk Sør-Norge har mest avslappa forhold til alkohol i båt. 13,3 prosent av dei spurte i Telemark sa at dei hadde drukke ein eller fleire alkoholeiningar sist dei køyrde ein fritidsbåt. I Vest-Agder svarte 8 prosent det same. I Nord-Trøndelag, Troms og Finnmark var svaret null.

– Målingane viser store skilnader i alkoholkonsum langs kysten. Men det er flest båtførarar på Sørlandet som drikk. Då er det litt tankevekkjande at det vert færre politibåtar langs sørlandskysten i sommar, sa dagleg leiar i Av-og-til, Kari Randen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %