Hopp til innhold

Tidlegare hoppstjerne: – Hadde aldri brukt ei motorsag før i dag

Tidlegare skihoppar Johan Remen Evensen og roaren Olaf Tufte deltok i NM i skog i Lyngdal.

Olaf Tufte og Johan Remen Evensen

Olaf Tufte og Johan Remen Evensen var på plass i Lyngdal onsdag for å delta i ein sagekonkurranse mot skuleelevar, som deltek i NM i skog.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

– Taktikken er at Tufte tek kommandoen. Det skal nok gå bra, ler Remen Evensen.

Saman med Tufte skulle han konkurrere mot elevar ved Lyngdal KVS. Der stod mellom anna kvisting på konkurranseplanen.

Lite erfaring med sag

Tysdag inntok kring 80 deltakarar frå vidaregåande skular til konkurranse i Lyngdal.

Tufte og Remen Evensen stilte opp i eit eige show, der dei altså skulle konkurrere mot nokon av elevane.

– Eg tjuvtrente litt på ein stamme der borte. Det er den erfaringa eg har med motorsag, seier den tidlegare hoppstjerna, som no er busett i Lyngdal.

Duoen hadde kledd seg opp med verneutstyr og motorsag. Olaf Tufte er imponert over nivået til nokre av elevane ved den vidaregåande skulen.

– Høgt nivå

– Eg er glad og imponert over at så mange vel skoglinje og tek det seriøst. Så er det morosamt at alle torer å stille. Det er høgt nivå på dei som er gode her. Dei kan bruke ei motorsag, seier Tufte.

Remen Evensen er glad for å kunne stille opp.

– Eg bur jo her og det er gøy at det skjer noko på skulen. Det er eit bra tiltak av KVS Lyngdal. Eg tykkjer det er kult å stille opp rett og slett, seier Remen Evensen.

Olaf Tufte

Olaf Tufte i full sving.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %