Hopp til innhold

Ajer: – Det er fantastisk stort for meg

Start-talentet Kristoffer Ajer skal vere klar for den skotske storklubben Celtic.

Ajer

Kristoffer Ajer skal vere klar for Celtic, ifølgje TV2.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Ifølgje TV2 skal Ajer til Skottland tysdag for å sluttføre ei avtale med Ronny Deila sin klubb. Ajer sjølv stadfestar dette overfor Fædrelandsvennen.

– Ja, eg reiser ned i morgon og klubbane er einige. Så skal vi sjå på avtala mi og den medisinske testen. Det er fantastisk stort for meg, seier han til avisa.

Even Øgrey Brandsdal

Even Øgrey Brandsdal er administrerande direktør i Start.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det internasjonale overgangsvindauget er stengt.

Det betyr at midtbanespelaren til Celtic først i sommar.

Vil ikkje kommentere

Administrerande direktør i Start, Even Øgrey Brandsdal, vil ikkje stadfeste at Kristoffer Ajer er klar for Celtic.

– Vi har ikkje behov for å kommentere spelarlogistikk, seier Brandsdal til NRK.

NRK har forsøkt å komme i kontakt med Ajer sin agent, Tore Pedersen, uten å lukkast.

Same dag som overgangsvindauget stengde stadfesta Ajer sjølv at dei to klubbane var i dialog om ein overgang.

Trena med Celtic

Tidlegare i vinter var Ajer på treningsopphald med den skotske seriemeisteren.

Ajer spelte 90 minutt for det norske G19-landslaget på La Manga måndag. Norge tapte 1-2 for Portugal. Start-spelar Mathias Rasmussen scora det norske målet. Dette var hans tredje mål på tre kampar for landslaget.

Ajer kom til Start frå Lillestrøm i 2014. 17-åringen vart tidenes yngste kaptein i eliteserien då han leia Start mot gamleklubben i fjor.

Kristoffer Ajer om mulig overgang til Celtic. Overgangsvinduet stenger i kveld klokken 24:00.

Sjå intervju med Kristoffer Ajer same dag som overgangsvindauget stengde.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %