Hopp til innhold

9 av 10 gjer som desse campingturistane

Norske bubil- og campingturistar vel Norge som sitt ferieland nummer ein. Det betyr pengar i kassa for næringslivet.

Norske bobil- og campingvogneiere legger igjen store summer i sitt eget land. En ny undersøkelse viser at ni av ti velger Norge som sitt ferieland nummer en.

Campingturistar NRK møtte på Hamresanden i Kristiansand er ikkje redde for å bruke pengar.

– Eg likar ikkje å køyre så langt. Ned til Sørlandet er det ni-ti timar. Vi skal heim igjen også. Det er slik eg tenkjer, seier Roald Børhaug.

Roald Børhaug

Roald Børhaug ferierer i Norge med bubilen sin.

Foto: Sigbjørn Kristiansen/NRK

Han planlegg han neste stopp på reisa då NRK kjem på besøk. Og neste stopp vert ein stad i Norge.

Børhaug gjer nemleg som dei fleste av norske bubil- og campingturistar. Dei ferierer i Norge.

Legg att milliardar av kroner

Ei undersøking gjort for Norges Caravanbransjeforbund viser at 9 av 10 norske bubil- og campingvogneigarar ferierer i Norge. Undersøkinga viser også at turistane legg att mykje pengar.

– Den viser at vi legg att cirka 4,5 milliardar kroner i løpet av det ein har definert som ferietid i Norge, seier Geir Holm som er generalsekretær i Norges Caravanbransjeforbund.

Dette er nokre av funna i undersøkinga:

  • 91 prosent som eig ein bubil seier dei i løpet av dei tre siste åra har brukt Norge som sitt prioriterte ferieland. Deretter kjem Sverige og Danmark.
  • Dei som har campingvogn brukar den på ferie i snitt 31 døgn i løpet av eitt år.
  • Dei som har bubil brukar den til ferie cirka 38 døgn per år.
  • Bubileigarar brukar i snitt 700 kroner per døgn.
  • Campingvogneigarar brukar i snitt 1150 kroner per døgn.
  • Dei som køyrer bubil har ein snittalder på 61 år.
Geir Holm

Geir Holm er generalsekretær i Norges Caravanbransjeforbund

Foto: NRK

Dette kjøper dei

På Hamresanden i Kristiansand ligg det ein Kiwi-butikk like ved campingplassen.

Der merkar dei godt inntoget av turistar.

– Det betyr veldig mykje. Det går mykje i grillmat. Det går også mykje rundstykke. Folk vil kanskje ha det litt enkelt på morgonen. Så vil dei gjerne unne seg noko ekstra godt, så det går litt chips og sjokolade også, seier assisterande butikksjef Tor Kristian Ludvigsen.

Campingturistar NRK møtte på Hamresanden i Kristiansand er ikkje redde for å bruke litt ekstra pengar i ferien.

– Har ein ferie, så har ein ferie. Då får ein kose seg og ha det bra, seier Svein Ove Espeland.

– Eg tenker ikkje på det. Vi skal ha det bra, seier Else Marie Garnes.

– Vi gjer det vi har lyst til. Det er ungane sin ferie først og fremst. Det blir mykje parkar og slikt. Det kostar litt, seier Roy Gustav Hunskår.

Turistar på Hamresanden i Kristiansand

Turistar på Hamresanden i Kristiansand.

Foto: Sigbjørn Kristiansen/NRK

– Tett på naturen

Undersøkinga seier ikkje noko om kvifor bubil- og campingvognturistane føretrekker Norge.

– Vi kan anta at det kanskje har noko med at det er trygt. Du kan parkere utanfor campingplassar og stader der du kjem tett på naturen. Det kan du ikkje i andre deler av Skandinavia, seier Geir Holm, generalsekretær i Norges caravanbransjeforbund

– I Sverige må du innom ein campingplass. Det gjeld det same i heile Europa. Det har med sikkerheit å gjere, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %