NRK Meny
Normal

89-åring mista lappen

Mannen køyrde vidare etter å ha kollidert med ein annan bil i Grimstad.

– Bilen ei kvinne køyrde i Grimstad fekk materielle skader då ein mannleg bilist, fødd i 1922, skal ha køyrt inn i bilen hennar, og deretter køyrt vidare frå staden, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Per Lauvnes til Agderposten.

Kvinna noterte registreringsnummeret på bilen. Dermed var det enkelt for politiet å finne bilen.

Førarkortet til mannen vart seinare beslaglagt av politiet. Mannen er meld til politiet.