74-åring gjekk seg vill

Mannen ringde sjølv politiet etter at han gjekk seg vill på ein tur i Oland i Froland.

Politiet sette straks i gang leiteaksjon etter mannen, som var på ei hytte i området. Både luftambulanse og snøskutarar vart sett inn i søket etter mannen.

Etter to timars leiting fann luftambilansen fram til mannen, som dermed kom seg trygt heim.