6 av 10 manglar kunnskap til sjøs

Meir enn halvparten av båtførarane kan lite eller ingenting om navigasjon til sjøs. Det viser ei undersøkjing Synnovate har gjort for magasinet Båtliv.

Video 6 av 10 har for dårlige båtkunnskaper

VIDEO: Ei ny undersøkjing viser at 6 av 10 har for dårleg kunnskap om navigering til sjøs. Sjå reportasje frå skjærgarden i Arendal.

Harald Andreassen

Harald Andreassen

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK
Bjørn Braaten

Bjørn Braaten

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK
Akka Hoel

Akka Hoel

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

– Det er veldig alvorleg eigentleg. Det er nedslåande tal som har komme, seier havne- og farvannsjef i Kysterverket, Harald Andreassen til NRK.no.

Han fryktar alvorlege ulykker som følgje av manglande kunnskap om navigasjon til sjøs.

Store båtar, lite erfaring

– Det trur eg heilt sikkert. Når talet er så stort og du har den eldre aldersgruppa der det er veldig mange med store båtar og lite erfaring, trur eg absolutt at det kan skje ulykker. Det ser vi kvar einaste sommar, seier Andreassen.

Totalt vart det rapportert inn 9475 skader til forsikringsbransjen i fjor. Det vart betalt ut over 413 millionar kroner i erstatning i samband med fritidsbåtulykker.

1. mai i fjor vart det innført obligatorisk båtførarprøve for alle fødd frå etter 1. januar 1980. Andreassen meiner båtførarprøva med fordel kunne ha omfatta endå fleire.

– Det er klart den burde det. Men det er klart at det er ein større prosess. Men det hadde vore ein fordel ja, seier han.

– Det er tragisk

NRK.no reiste ut i skjærgarden utanfor Arendal måndag føremiddag. Sjølv om ein gråvêrsdag var det mange båtar på sjøen. Mange av dei meiner sjølv at dei har god nok kunnskap om navigasjon.

– Eg håpar det. Det har ikkje vore noko problem vanlegvis i alle fall. Eg har køyrt båt i nokre år, så eg trur i alle fall det. Men ein veit jo aldri, seier Erik Christensen.

– Kva tenkjer du om at 6 av 10 har for lite kunnskap?

– Det er tragisk. Det er til fare for alle andre, seier han.

Båthavn Kristiansand

STORE: Folk skaffar seg stadig større og kraftigare båtar. Her ser du ei av småbåthamnene i Kristiansand. (Arkivfoto)

Foto: Berge, Asbjørn Odd / NRK

Etterlyser praksis

Rune Teisrud

Rune Teisrud

Foto: Sander Heggheim/NRK

Også Bjørn Braaten og Akka Hoel meiner dei har nok kunnskap om navigasjon til sjøs.

– Eg har teke båtførarprøva, men det er ein del år sidan no. Eg brukar mykje båt og når det gjeld vanlege sjøfartsreglar skulle det vere greit. Å navigere etter kart tek litt meir tid, men vi kan så det held, seier Braaten.

– Ja, vi er på den 44. båtsesongen. Så vi er ganske vande, seier Hoel på spørsmål om ho kan nok om navigasjon.

Tidlegare sjøfartsdirektør Rune Teisrud har tidlegare etterlyst meir praktisk opplæring i båtførarprøva. Han meiner dagens prøve, som kun omfattar teori, er for enkel.

33 dødsulykker i fjor

– Det er positivt at ein lærer den teoretiske delen på eit slikt kurs, men det er berre minimum av kva ein må kunne når ein skal styre ein båt. Det er sjølvsagt ynskjeleg å få inn meir praktisk opplæring, sa Teisrud til NRK.no.

I fjor omkom 33 personar i fritidsbåtulykker i Norge. Det er det høgste talet sidan 2006. Teisrud trur at talet på drepne vil gå ned med ei grundigare båtopplæring.

– Når du får den teoretiske biten i botnen, vil du få bort ulykker, som skjer som følgje av at folk ikkje kan reglane og slike ting, seier han.

DØDSULYKKER FRITIDSBÅTER 2000-2010

År

I alt

Menn

Kvinner

Barn 0-16 år

2000

36

35

1

-

2001

20

20

-

-

2002

31

30

1

-

2003

29

25

3

1

2004

51

47

1

3

2005

34

32

2

-

2006

34

30

4

-

2007

24

21

2

1

2008

30

30

-

-

2009

31

28

1

2

2010

33