NRK Meny
Normal

4 av 10 kan ikkje fortøye båten skikkeleg

Ei ny undersøking viser at nesten halvparten av båtførarane i landet ikkje veit korleis ein fortøyer båten skikkeleg. Det uroar Norsk Test, som driftar båtførarprøva.

Fortøyning av båt

Mange båtførarar veit ikkje korleis ein skal fortøye båten sin.

Foto: Ann Helen Gjerde/NRK

Bernt Nilsen, direktør for Norsk Test AS

Norsk Test-direktør Bernt Nilsen.

Foto: Ellen Gamnes

– Vi ser på båtførarprøva at det er mange som stryk og ikkje kan basis-ting, sjølv om dei påstår at dei har vakse opp i fjære, seier administrerande direktør i Norsk test, Bernt Nilsen til NRK.

Undersøkinga InFact har gjort for Wee Marine viser mellom anna at nesten 4 av 10 i Sør-Norge ikkje veit korleis dei skal fortøye båten skikkeleg.

I motsett ende finn vi nordlendingane der 67 prosent gir opp at dei kan fortøye skikkeleg.

Dette du kunne

– Dersom båten driv av eller på skjær og mot fjæresteinar kan det gå hol på båten, seier Svend Svendsen som er leiar av Kristiansand sjøredningskorps.

Det er han og kollegaene hans som må rykke ut dersom du kjem i trøbbel til sjøs.

– Ein må ta høgde for vind og straum. I alle fall om du skal liggje over natta. Om du veit at det kjem dårleg vêr neste morgon måte du fortøye godt i alle endar, baugar og kantar, seier han.

Svendsen meiner halvstikk, heilstikk og pålestikk er knutar som ein båtførar må kunne.

– Det må dei lære seg. Det hjelper i dei aller fleste tilfelle, seier han.

Se video

4 av 10 kan ikkje fortøye båten skikkeleg.

– Mange får seg ei overrasking

Undersøkinga viser at kvar tredje båtførar i landet ikkje kan til dømes pålestikk.

Sikker og forsvarleg fortøying er ein del av pensum til båtførarprøva, men dersom du er fødd før 1980 er det ikkje lovpålagt å ta prøva.

– Eg håpar det vert betre, men det er mykje som står att. Særleg kanskje for dei eldre som ikkje er pålagde å ta båtførarprøva, men trur at dei kan det. Det er mange av dei som får seg ei overrasking når dei går på kurs eller tek eksamen, seier Bernt Nilsen i Norsk Test.

Se video

Svend Svendsen i Kristiansand sjøredningskorps viser hvordan du lager et pålestikk.

Svend Svendsen i Kristiansand sjøredningskorps viser korleis du lagar eit pålestikk.