Hopp til innhold

38-åring sikta for forsettleg drap

Den 38 år gamle mannen frå Grimstad, som er arrestert etter drapet i Valle, er sikta for forsettleg drap. Ein 50-åring vart knivstukken og drepen på ein privat fest.

Drap i Valle

Politiet dreiv undersøking på staden søndag føremiddag.

Foto: Jan Jørg Tomstad/NRK

Dag Hovden

Dag Hovden ved lensmannskontoret i Valle.

Foto: Jan Jørg Tomstad/NRK

– Han er sikta for drapet i samband med hendinga og sit i arresten i Kristiansand. Han sit i avhøyr no, seier lensmann i Valle, Dag Hovden til NRK.

Det var klokka 03.47 natt til søndag at politiet fekk melding om at ein 50 år gammal mann hadde blitt knivstukken i Valle i Aust-Agder.

Mannen er frå Valle og vert beskrive som ein godt kjend person i bygda.

50-åringen vart send rett til Ullevål sjukehus i Oslo med luftambulanse. Klokka 07.20 stadfesta sjukehuset at han døydde av skadane.

Fire knivstikk

Mannen skal ha blitt påført tre knivstikk i ryggen og eitt i brystet.

– Det vart først meldt ifrå om at ein person var slått ned og trengde hjelp. Seinare vart dette justert til at han var knivstukken, seier lensmannen.

– Ambulansepersonell gav førstehjelp på staden og tok han med seg og overlét han til luftambulansen som reiste rett til Oslo, seier Hovden.

– Mannen var ved medvit da han vart overlaten til ambulansepersonellet, legg han til.

Episoden skjedde i samband med ein privat samkome der dei to personane kom i klammeri med kvarandre. Drapet skal ha skjedd i eit partytelt.

– Ingenting tyder på nær relasjon mellom dei to. Om dei var kjenningar eller kor godt kjenningar dei var, veit vi førebels lite om, seier han.

Ikkje full oversikt

Ved 11.30-tida søndag dreiv politiet framleis undersøking på åstaden. Det skal ha vore fleire personar på samkomet, men dei fleste hadde reist då drapet skjedde.

– Det var fleire personar i området som har meldt ifrå. Vi har ikkje full oversikt over hendingsgangen og posisjonen til dei ulike personane per no, seier lensmannen.

– Vi jobbar med å avhøyre personar som var i området, som var til stades på festen. Vi avhøyrer også gjerningspersonen og gjer tekniske undersøkingar, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %