NRK Meny
Normal

28 personar innom arresten i løpet av natta

Politiet på Agder hadde ei særs hektisk natt til 1. mai.

Vanlegvis formidlar Agder-politiet det som skjer på Twitter, men det måtte dei gje opp natt til fredag.

Totalt hadde dei 143 oppdrag i løpet av natta. 56 av desse var ordensforstyrrelsar.

Ingen alvorlege hendingar

– Generelt har det vore mange saker der det er snakk om ordensforstyrrelse. Vi har teke mange inn til arresten også, men vi har ingen alvorlege hendingar, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Sverre Birkeland til NRK.

– Eg har ikkje tid til å gå i detalj, men i mange saker dreiar det seg om rus og folk som lagar bråk, seier han.

Fulle folk og slagsmål var blant oppdraga politiet måtte ta hand om. Operasjonsleiaren vil ikkje legge skulda på russen.

– Slik er det kvart år

– Dette er generelt, så russen har ikkje vore verre enn andre. Men det har vore store samlingar med folk mange stader, seier han.

Birkeland seier at det var venta at politiet fekk mykje å henge fingrane i natt til 1. mai.

– Det har vore mange oppdrag, men det er det som regel kvart år denne natta, seier han.

Laster Twitter-innhold