24 000 sigarettar ramla ut av bilen

Tollvesenet i Kristiansand gjorde eit nytt stort beslag av sigarettar, øl og sprit søndag.

Tollbeslag Kristiansand

BESLAG: Tollvesenet gjorde sitt fjerde store beslag av sigarettar og alkohol i Kristiansand søndag.

Foto: Tollvesenet

– Når vi opna dørene på bilen rann varene ut, seier kontorsjef ved Tollvesenet i Kristiansand, Helge Breilid til NRK.no.

Ifølgje fvn.no beslagla Tollvesenet 24 000 sigarettar, 1320 liter øl og 123 liter brennevin.

51 000 sigarettar

– Eg vil seie det er eit stort beslag. Vi har hatt fokus på landevegane i det siste. Dette var det fjerde store beslaget med tanke på polske bilar som kjem med sigarettar og alkohol, seier han.

Totalt har Tollvesenet i Kristiansand beslaglagt 51 000 sigarettar, over 3000 liter øl og 407 liter brennevin i desse fire beslaga.

Denne gangen vart ein varebil stoppa like ved Dyreparken. Bilen hadde falske skilt og den polske sjåføren er no meld til politiet.

Hadde flaks

– Vi observerte og såg litt på trafikkbilete, då vi oppdaga varebilen. Slike bilar er av interesse for oss. Vi valde å stoppe bilen og trefte på rett bil. Det var rett og slett berre ein vanleg rutinekontroll, seier Breilid.

– Hadde de litt flaks denne gangen?

– Ja, litt flaks må vi ha i Tollvesenet også, ler han.