NRK Meny
Normal

23-åring tiltalt for påkøyrsle

Ein mann frå Søgne må møte i Kristiansand tingrett etter at han køyrde ned ein 19 år gammal mann med bil.

Ulykke Søgne

ULYKKE: Det var her ved Esso Tangvall at mannen vart påkøyrd.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Hendinga fann stad like ved Esso Tangvall i Søgne 21. april i fjor.

23-åringen stakk av frå ulykkesstaden og let 19-åringen liggje att på vegen med omfattande brot i underkjeve, bryst, ribbein, ryggsøyla, armane og bekkenet.

19-åringen vart send til Oslo universitetssykeshus med luftambulanse.

Kring ein halvtime etter ulykka melde 23-åringen seg for politiet.

Han er no tiltalt for å ha forelte mannen i hjelpelaus tilstand, samt for ikkje å ha varsla om ulykka.