Politidirektoratet og Agder statsadvokatembete gjennomførte tilsyn ved Kristiansand politistasjon i april. Dei konkluderer med at det er forhold, som strir mot forskrifta, skriv fvn.no.
Under gjennomsnittet
Konklusjonen seier at 220 personar sat i arresten lenger enn makstida på 48 timar. Totalt var 4026 personar innom arresten i fjor. Ein person sat i arresten i tre dagar, åtte timar og 51 minutt.
Ifølgje avisa ligg Kristiansand under landsgjennomsnittet, som er på 7,27 prosent. I Kristiansand sat 5,46 prosent for lenge i arresten.
– Tilsynet konstaterer at Agder politidistrikt har eit betydeleg tal arrestantar som sit utover 48 timar i politiarrest, skriv tilsynet i rapporten.
Manglar fengselsplassar
– Politiet sin logg viser imidlertid tilfredsstillande informasjon om kva som i det konkrete tilfellet er årsaka til oversitting og kva tiltak, som er sett i verk for å unngå at oversitting skjer, står det.
Ifølgje avisa er hovudårsaka til at arrestantar vert sittjande for lenge, mangel på fengselsplassar.
Fram til 1. april i år hadde 61 av 1143 arrestantar blitt sittjande for lenge.