Hopp til innhold

22-åring dømd for vald mot Gimmestad

Ein mann (22) er dømd til fengsel i eitt år for vald mot den no avdøde Simen Gimmestad.

Simen Gimmestad

Simen Gimmestad vart utsett for blind vald på byen i Kristiansand i 2014. Gimmestad døydde i desember i fjor. Årsaka var truleg ei epilepsianfall.

Foto: Håkon Løtveit

I tingretten vart gjerningsmannen dømd til seks månaders fengsel.

I mars i 2014 slo 22-åringen eit ølglas i ansiktet på Gimmestad. 2 .divisjonsspelaren var nær ved å miste synet på begge auga.

Etter å ha fått behandling på sjukehus beheldt han synet på det eine auget, medan han hadde 50 prosent syn på det andre.

Simen Gimmestad

Etter å ha fått behandling på sjukehus beheldt Simen Gimmestad synet på det eine auget, medan han hadde 50 prosent syn på det andre.

Foto: Håkon Løtveit

Simen Gimmestad døydde i desember i fjor. Han vart 25 år gamal. Dødsårsaka var truleg eit epilepsianfall. Difor vart det foreldra som møtte i retten for å representere sonen.

Kom tilbake på fotballbana

Gimmestad sa tidleg at han var fast bestemt på å komme tilbake på fotballbana sjølv med kraftig nedsett syn.

Tre månader etter valdsepisoden var han tilbake på bana då Vindbjart møtte Notodden på heimebane.

– Det var veldig rørande å komme inn. Eg fekk ein fin gest av publikum, og det var veldig moro, sa Gimmestad til NRK etter comebacket.

Simen Gimmestad

Gimmestad gjorde comeback i 2. divisjon tre månader etter å ha blitt angripe på byen.

Foto: Vindbjart FK

Døydde i desember

I dommen legg lagmannsretten vekt på at skadene raskt kunne ha blitt langt verre enn dei vart.

22-åringen erkjente straffeskuld, men hevdar han hugsar lite frå sjølve valdshandlinga.

I tillegg til fengselsstraff må gjerningsmannen betale 100 000 kroner i oppreising til foreldra til Gimmestad.

Simen Gimmestad med foreldre

Simen Gimmestad saman med far Willy og mor Synnøve på sjukehuset. Dei to møtte i lagmannsretten for å representere sonen som døyde i desember.

Foto: Håkon Løtveit / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %