NRK Meny
Normal

21-åring dømd for drap

Ein mann (21) er i Lister tingrett dømd til tvungent psykisk helsevern etter drapet på ein 44 år gammal mann i Lyngdal i fjor sommar.

Drap Lyngdal politibil og hus

44-åringen vart drepen i dette huset i Lyngdal i fjor sommar.

Foto: Mona Wikøren / Lister24 / NTB scanpix

– Retten vurderer mannen som psykotisk i gjerningsaugneblinken, seier tingrettsdommar Robert Versland til Lister24.

Natt til 1. august i fjor tok politiet imot ei melding om at ein person var påført skader på ei adresse i Lyngdal.

Vart stukke 60 gonger

Sidan meldinga var noko uklar, valde politiet å væpne seg før dei oppsøkte huset.

Då politiet kom til staden var 44-åringen allereie død. I avhøyr erkjente 21-åringen at han var gjerningsmannen.

Den dømde 21-åringen er opphavleg frå Sudan. Den døde 44-åringen er frå Marokko.

44-åringen døydde etter å ha blitt stukke med ei saks 60 gonger.

Var psykotisk

I retten forklarte 21-åringen at han høyrde stemmer i hovudet som bad han om å drepe mannen.

Rettsoppnemnde psykiatrar konkluderte med at mannen var psykotisk då han tok livet av 44-åringen.

Både aktor og forsvarar la ned påstand om tvungent psykisk helsevern.