Hopp til innhold

20 055 minutt pause i kvalifiseringskampen

Andre omgang mellom FK Jerv og Mjøndalen vert spelt laurdag 19. november klokka 12.

Ledelsen i Jerv fotballklubb håper at andre omgang av kvalifiseringskampen mot Mjøndalen kan spilles på Levermyr stadion om to uker. Lørdag lå banen nesten helt under vann og kampen ble stoppet, i dag er det snø på banen.

SJÅ VIDEO: Slik såg Levermyr stadion ut måndag.

Normalt har ein fotballkamp som kjent 15 minutt pause. I dette tilfellet blir det altså ein pause på 20 055 minutt.

Kvalifiseringskampen vart stoppa etter første omgang laurdag på grunn av elendige speleforhold. Jerv leia 1-0 då kampen vart stoppa. Resultatet vert ståande.

Jerv - Mjøndalen

Dommar Kristoffer Hagenes stoppa kvalifiseringskampen mellom Jerv og Grimstad etter pause laurdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Kraftig regn førte til overvann på bana, som gjorde det nærast umogleg å spele fotball.

Kraftig vind gjorde forholda endå verre for spelarane. Røde Kors og ambulansepersonell måtte blant anna hjelpe Amahl Pellegrino, som vart kraftig nedkjølt.

Uvisst kvar kampen blir spelt

Det er framleis ikkje klart kvar kampen skal spelast, men Jerv håpar at Levermyr stadion skal vere klar til andre omgangen.

Måndag ser det særs lite aktuelt ut. Bana er dekka med 7–8 centimeter snø på ein stadion utan undervarme.

– Får vi varme dagar, er det realistisk å spele her. Vi har vore i kontakt med Norges fremste grasekspertar som seier vatnet til forsvinne. Vi vil strekke oss ufatteleg langt for å få til det, men går det ikkje ynskjer vi å bruke Sparebanken Sør Arena, seier styreleiar i Jerv, Per Gunnar Topland.

Dersom Levermyr ikkje blir klar vil kampen truleg gå på Sør Arena i Kristiansand.

Jerv - Mjøndalen

Speleforholda var elendige under kvalifiseringskampen mellom Jerv og Mjøndalen laurdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Stabæk kan måtte vente ein månad

Vinnaren mellom Jerv og Mjøndalen skal møte Kongsvinger i den siste kvalifiseringskampen mellom 1. divisjonslaga.

Vinnaren av denne kampen skal møte Stabæk over to kampar der det blir avgjort kven som spelar i eliteserien neste sesong. Stabæk kan altså måtte vente i ein månad.

– Klart det ikkje er ideelt. Vi som har ligge under streken i det siste må sjå på dette som ein ny moglegheit, men eg syns det blir litt feil at eliteserielaget blir skadelidande, seier sportssjef i Stabæk Inge André Olsen til NRK.

– Ein skal kanskje ikkje ha ein fordel om ein kjem frå toppdivisjonen, men no får dei andre laga spele viktige kampar medan vi går for lut og kaldt vatn, seier han.

Stabæk har booka ein treningskamp mot Strømmen i neste veke for å halde forma ved like.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %