NRK Meny
Normal

1969-pris på bensinen

Bensinstasjon i Kristiansand markerte opning med låg bensinpris.

Bensinpris Vige

LÅG PRIS: Shell feira opning av ny bensinstasjon med å dumpe prisen på bensin.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

Shell har flytta ut av Kristiansand sentrum og opna den splitter nye bensinstasjonen onsdag. Mellom klokka 13 og 14 kosta bensinen kun 1,04 kroner - det same som i 1961.

– Den første kunden var her faktisk i går morgon og lurte på kvar han skulle stille seg i kø, seier butikksjef Reidun Drange til NRK.no.

– Utruleg morro

– Dette er utruleg morro. Å selje bensin til 1,04 og køen står rundt hjørnet. Det er fantastisk, seier ho.

– Men klokka 14 er det slutt. Då er prisen tilbake til normalen, påpeika butikksjefen.

Det var venta trafikkaos på E18 som følgje av opninga av bensinstasjonen. Allereie to timar før opning vart det meldt om store køar utanfor bensinstasjonen. UP har tidlegare varsla at det vil bli kaos.

– Vi har fått ein del meldingar om kø på E18. Dei som ikkje skulle ha bensin klaga over at dei ikkje kjem fram, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Per Kristian Klausen.

Bensinkø på Vige

BILLIG BENSIN: Mange ville sikre seg billeg bensin.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.