Hopp til innhold

19 av 25 kommunar i Agder heiser regnbogeflagget: – Ein skikkeleg god nyheit

Debatten rundt heising av regnbogeflagget går varmt i landet. I Agder går regnbogeflagget til topps i 19 av dei 25 kommunane i fylket.

Regnbueflagg

Flagge eller ikkje flagge? Det er spørsmålet i mange kommunar i landet.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Det er eit symbol for aksept, toleranse, mangfald og inkludering.

Det seier Inger Lise Lund Stulien som er ordførar i Åseral.

Der får regnbogeflagget, også kalla prideflagget, vaie fritt i Agder-vinden i sentrum av Kyrkjebygd den siste veka i juni.

Ordfører Åseral Inger Lise Stulien (Ap)

Åseral kommune sørger for at regnbogeflagget blir heist i sentrum av Kyrkjebygd siste veke i juni.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

Kommunen er ein av 19 kommunar på Agder som aktivt vel å heise dette flagget i ei kommunal flaggstong i samband med at det er pride-månad.

NRK har spurt alle dei 25 ordførarane i fylket om dei kjem til å heise flagget i nokre av kommunen sine flaggstenger.

Fleire stader i Agder skal det haldast pride-markeringar denne månaden.

Vi heiser flagget, både ved kommunehuset og ved oppvekstsentera. Vi er ein inkluderande kommune og vil vise det, skriv ordførar i Bygland, Runar Granheim (Ap).

Ingen førespurnad

I Åmli kommune er dei positive til flagging. Men førebels har det ikkje vore meldt inn lokal markering eller søknad om flagging. Difor blir flagget ikkje heist.

Ordførar kan ikkje lenger, som praksis var i mange tidlegare år, etter eige initiativ henge opp regnbogeflagget framfor rådhuset, seier ordførar Hans Fredrik Tangen (Ap).

– Det ville bryte med intensjonen til kommunestyret som seinast i fjor tok ein prinsipiell avgjerd etter ein lang og god debatt, seier han vidare.

regnbue, pride gatebelt trafikk

Diskusjonen rundt flagging med regnbogeflagget går varmt mange stader i landet.

Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

Heller ikkje i Hægebostad har flagging vore etterspurd. Difor blir det ikkje heisa.

Så vidt meg kjent med så er det ikkje planlagt nokon offisiell Pride-markering i kommunen. Vi finn det derfor ikkje naturleg å flagge, opplyser ordførar Jan Petter Gysland (H).

Han skriv at ein eventuell førespurnad vil bli behandla politisk.

Bør kommunane sørge for at regnbogeflagget blir heist?

Deltek i pride-tog men flaggar ikkje

Froland hadde sitt fyrste pride-tog i år der ordfør Inger-Lene Håland (Ap) deltok og heldt appell.

Men regnbogeflagget blei ikkje heisa. Det grunnar ordføraren slik:

– Vi heisar ikkje regnbogeflagget på kommunale flaggstenger. Vi behandla denne saka i formannskapet i fjor.

Ordføraren viser til at Stortinget også har gjort ei vurdering rundt dette å flagge med regnbogeflagget.

I Åmli seier ordførar Kjetil Torp følgjande om kvifor ikkje regnbogeflagget blir å sjå på kommunen sine flaggstenger.

Vi har ikkje noko prinsipielt vedtak for eller imot, og held oss dermed til opphavleg flaggreglement.

Berre offisielle flagg

I Farsund kommune vart det under førre ordførar flagga med regnbogeflagget.

No har det endra seg.

I Farsund blir det ikkje flagga med regnbogeflagget på flaggstonga ved rådhuset under årets pride-feiring. Det melder ordførar Ingrid M. Williamsen (Frp).

Ingrid Williamsen

I Farsund har det nyleg vore stor debatt rundt regnbogeflagget. Ordføraren meiner det norske flagget er tilstrekkeleg for å vise samhald og inkludering.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Kvifor ikkje?

Vi vedtok i kommunestyret at vi ynskjer å vise vår støtte med å flagge med det norske flagget, som er sjølve symbolet på fridom og samhald. Og vi ynskjer å få fram at vi heiar på arrangementet med dette.

I Lyngdal vart spørsmålet om flagging nyleg løfta inn i kommunestyret, og nedstemd.

Lyngdal kommune heisar ikkje regnbogeflagget. Grunna i at våre offentlege flaggstenger primært berre skal verte nytta til det norske -, samiske- eller andre offisielle flagg.

Det seier ordførar Unni Nilsen Husøy (Frp).

 Unni Nilsen Husøy (

– Eg har, og har alltid hatt stor sympati for alle menneske som kjenner på utanforskap og diskriminering, men utviklinga som har vore siste årene har gjort til at regnbogeflagget som nå blir omtalt som pride-flagg har blitt meir splittande ein samlande. Ein offentleg flaggstong skal ikkje skape splitting, den skal gi oss samhald.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Ein god nyheit

Ap-politikar, og tidlegare statssekretær, Kai Steffen Østensen vaks sjølv opp i Farsund.

Han har tidlegare motteke Homofrydprisen. og synest fyrst og fremst det er ei gladsak at såpass mange heiser flagget, som betyr så mykje for han.

KAI STEFFEN ØSTENSEN

For Kai Steffen Østensen (Ap) skulle ynskje at ein kunne få til ein større samtale om kvifor flagginga er viktig, heller enn polariserte diskusjonar. – Flagget er eit viktig symbol for dei som lever i uvisse og utryggleik.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Det er ein skikkeleg god og viktig nyheit at så mange ordførarar tydeleg viser at deira kommune er for alle.

Han meiner at ordførarane som vel å ikkje flagge undervurderer betydninga det kan ha.

Østensen peiker på undersøkingar som viser at skeive ofte har dårlegare liv.

Spesielt har mange skeive på Sørlandet det vanskeleg.

– Dersom regnbogeflagget gir særleg unge skeive trua på sitt eige liv og at dei får moglegheita til å leve eit godt liv på Sørlandet, så må vi få heist det flagget så raskt som berre pokker.

Polarisert debatt

I Lyngdal meiner ordførar Unni Nilsen Husøy at debatten rundt regnbogeflagget ofte blir ufin.

– Eg har som ordførar berre sagt nei til å heise pride-flagget i offentleg flaggstong, ikkje til markeringa eller flagging andre stader. Debattar som dette er ofte vanskelege då ein blir pålagt meiningar ein ikkje har, noko ein ser i kommentarfelt og i diskusjonar.

Regnbueflagg i Kristiansand

På Sørlandet viser undersøkingar at mange skeive har det ekstra vanskeleg. Årsaka blir ofte knytt opp mot at religion står sterkt.

Foto: Hans Erik Weiby

Kai Steffen Østensen forstår godt kva ho meiner.

– Eg trur diskusjonen har blitt så polarisert fordi ein diskuterer andre ting enn flagget. Vi går inn og gir flagget eigarar, som til dømes organisasjonar og enkeltpersonar, i staden for å kunne vere med å hegne om at dette flagget representerer mangfald og kjærleik.

Regnbogeflagg blir øydelagt

Om ei veke går prideparaden i Oslo av stabelen – for femtiande gang. Nyleg kunne vi lese at regnbogeflagg over heile landet blir tekne ned, øydelagde og tent på.

Om alle hendingane er motiverte av hat, kan ein ikkje vite sikkert. Men frå toppen er beskjeden til dei som tenner på, klar:

– Det er uakseptabelt i 2024 at folk ikkje får lov å flagge med prideflagget. Det å ta ned og øydeleggje flagget til nokre andre, det har ikkje noko med ytringsfridom å gjere, seier Lubna Jaffery.

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffrey (Ap) i pride-parade i Bergen

Kulturministeren seier det er uakseptabelt at regnbogeflagg blir tatt ned og vandalisert.

Foto: Benjamin Dyrdal
Norge produserer og donerer våpen til Ukraina, men hvor trygg er den næringen når PST advarer mot økt fare for sabotasje?

Noreg produserer og donerer våpen til Ukraina, men kor trygg er den næringa når PST åtvarar mot økt fare for sabotasje?

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Et nærbilde av Anette Håkonsen-Hyvärinen. Hun har på seg en sort t-skjorte, langt rølig hår og briller, hun ser bekymret ut i luften, i mens hun forteller om opplevelsen i Dyreparken.

Ubehagelig do-opplevelse i Dyreparken: – Tror aldri jeg har følt meg så nedrig

Nicolai Østeby

Ungdomspolitikere om PST-advarsel: – Har fått flere mistenkelige meldinger

Postgirobygget, Emma Steinbakken, Fay Wildhagen og Victoria Nadine.

Festivalene booker de samme artistene: – Uheldig for nye band og artister

Bjarte Vestøl har rodd fra Kristiansand Til Vestre Jakobselv.

Pensjonisten har rodd 6000 kilometer: – Jeg ville ha en utfordring

null
Spiller nå
Mistenkt for tyveri 01:28
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 06 0,98 kr
Dyrest kl. 22 1,02 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %