NRK Meny
Normal

19-åring døydde etter badeulykke

19-åringen som vart henta med luftambulanse etter ei badeulykke i Froland søndag er død.

Badeulykke i Frolandia

DØD: Ein 19 år gammal mann er død etter ei badeulykke i Froland.

Foto: Baard Larsen

Risør-mannen vart i går send til Ullevål sykehus i Oslo. Tysdag ettermiddag fekk NRK.no stadfesta at mannen er død.

Det var søndag ettermiddag at det vart slått full alarm då mannen vart funne livlaus på botnen av bassenget i badeanlegget Frolandia. Mannen vart henta med luftambulanse og frakta til sjukehuset i Arendal.

– Ein tragedie

Den 19 år gamle mannen er ikkje av norsk opphav. Rådmann i Risør Odd Eldrup Olsen tok imot beskjeden med stor sorg.

– Dette er ei kjempetragedie. Det er så ubegripeleg at det nesten ikkje fins ord, seier Olsen til NRK.no.

19-åringen budde i eit bufellesskap i Risør saman med blant andre systera si.

– Dei to kom til Norge for å søke tryggleik. At dei då skal få oppleve dette er berre heilt forferdeleg, seier han.

Rådmannen seier at dødsfallet har prega heile kommuneadministrasjonen.

– Det har vore ei veldig rar stemning. No har vi fullt fokus på å følgje opp systera til mannen og dei andre som bur i bufellesskapet, seier han.

Sterkt inntrykk

Også kommunalsjef i Froland, Svein Seteklveiv, tok imot meldinga med stor sorg.

– Først og fremst tykkjer eg det er veldig trist. For den som er død, for systera og for folka i Risør som har nær tilknyting til guten, seier Setekleiv til NRK.no.

Kommunalsjefen seier at hendinga har gått sterkt innpå dei tilsette i badeanlegget i Froland.

– Våre folk slit også med opplevinga. Det må vi takle internt i kommunen og det er vi i gang med. Men ei slik hending er ein tragedie og forferdeleg trist for alle partar, seier han.

Fekk kritikk

I etterkant av ulykka fekk kommunen kritikk for å ha hatt for få badevakter. Kommunen meinte at dei følgde alle rutinar. Kommunalsjefen varslar likevel full gjennomgang.

– Vi har allereie berørt dei akutte delane som går på å presisere alt som går på instruksar. Men det er klart at dette legg eit trykk på alt som har med sikkerheit.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.