NRK Meny
Normal

18-åring døydde i snøskuterulykke

Det var ein 18 år gammal mann frå Åmli som omkom i snøskuterulykka på Reismyrfjellet laurdag kveld.

Snøskuterulykke i Åmli

Politi og ambulanse på plass i Åmli laurdag kveld i samband med dødsulykka.

Foto: Nils Mosberg

Ein annan mann er lettare skada etter ulykka. Også han er 18 år og kjem frå Åmli.

Søndag held politiet fram etterforsking etter ulykka.

– Vi er oppe på fjellet for å gjere åstadsundersøking med krimteknikarar. Det vil også bli gjort avhøyr av dei andre som var på staden, seier lensmann Odd Arvid Bjørnbakk til NRK.

Var på hyttetur

Det skal ha vore kring 10 personar på staden der mannen omkom. Ungdomsgjengen skal ha vore på hyttetur då ulykka skjedde.

– Ulykka skjedde rett i nærleiken av hytta dei var på, seier lensmannen.

Førebels veit ikkje politiet korleis ulykka skjedde. Dette håpar dei å få klarheit i gjennom avhøyr søndag.

Det er heller ikkje kjent om ungdommane hadde løyve til å køyre snøskuter i området.

– Eg veit at ein del får løyve til å bruke snøskuter i dette området, men om desse ungdommane hadde det veit eg førebels ikkje, seier Bjørnbakk.

– Ei forferdeleg tragedie

Åmli-ordførar Reidar Saga sa til NRK laurdag kveld at dødsulykka vil prege heile bygda.

– Det er heilt forferdeleg når slike ting skjer. Vi bur i ei bygd der alle kjenner alle. Dette vil prege alle, sa han.

Ordføraren i kommunen med kring 1800 innbyggjarar tenkjer først og fremst på dei pårørande.

– Det er ei forferdeleg tragedie. Alle våre tankar går til dei pårørande, seier han.

Kommunen har sett i verk kriseteamet sitt for å ta hand om pårørande og dei andre ungdommane som var på staden der ulykka skjedde.