Det opplyser Oslo universitetssykehus.
- LES OGSÅ: Trykket stemning på Xstrata
- LES OGSÅ: Livstrugande skada etter eksplosjon
- LES OGSÅ: Flere personer skadd i eksplosjon
EKSPLOSJON: Ifølgje hovudverneombod Roy Knudsen vart alle rutiner fulgt i samband med eksplosjonen. (Arkivfoto)
Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK18-åringen pådrog seg hovudskader då det eksploderte i ein av ovnane ved nikkelverket i Kristiansand. Mannen vart raskt send til sjukehuset i Kristiansand. Kort tid etter vart han floge med helikopter til Oslo.
Skal finne årsaka
Politiet jobbar no med å finne årsaka til eksplosjonen. Både Arbeidstilsynet og krimteknikarar frå politiet er på plass.
Ingen er blitt suspendert frå jobben etter hendinga.
– Det er for tidleg. No føregår det ei intern gransking av dette. I tillegg er politi, arbeidstilyn og andre eksterne aktørar inne i bildet for å sjå om dei kan djupare inn i årsaksanalysa, seier hovudtillitsvald for dei tilsette, Harald Hageland til NRK.no.
To andre personar vart påført lettare skader i eksplosjonen. Den døde 18-åringen og dei to andre jobba ikkje fast ved Xstrata nikkelverk. Dei tre jobba for eit innleigd firma.
Allte rutiner fulgt
Ifølgje hovudverneombod, Roy Knudsen, vart alle rutiner fulgt i samband med eksplosjonen. Det interne brannvesenet ved bedrifta var på plass allereie to minutt etter eksplosjonen.
– Dei har oppført seg profesjonelt. Alt har gått etter planen. Det har vore eit godt samarbeid med brannvesenet. Alt har vore optimalt, sa han i går.
Situasjonen vart lenge omtala som kaotisk. Røykdykkarar frå brannvesenet gjekk gjennom produksjonshallen for å leite etter fleire.
Eksplosjonen skjedde ved «porten» til Vågsbygd, som er ein dei største bydelane i Kristiansand.
VIDEO: Sjå reportasje frå eksplosjonen.