175 millionar til omstridd kunstsilo

Regjeringa vil sette av 175 millionar kroner i statsbudsjettet til bygging av kunstsiloen i Kristiansand.

Kilden teater -og konserthus og Kunstsiloen i Kristiansand

Kunstsiloen i Kristiansand får pengar gjennom statsbudsjettet.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK Luftfoto

Dermed er prosjektet eit langt steg nærare realisering.

Eit prosjekt som har skapt rabalder i sørlandsbyen etter at milliardær Nicolai Tangen ynskte å plassere kunstsamlinga si i heimbyen.

– Dette gjer at siloen blir noko av. Den blir bygd. Byggestart blir neste vår og den vil truleg vere ferdig i 2021. Det einaste som kan hindre dette no er viss budsjettet skulle sprekke på grunn av uventa ting, seier kristiansandordførar Harald Furre.

175 millioner til Kunstsiloen

Ordførar Harald Furre og fungerande varaordførar Tove Welle Haugeland på eit pressetreff i Nupen-parken i Kristiansand fredag. Til venstre står Emma Lund frå Venstre.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen

– Sentral rolle i norsk kulturlandskap

Pengane gjer at behovet for lån blir mindre. Planen var å ta opp eit lån på 265 millionar kroner.

Det vert no redusert til 90 millionar kroner.

– Eg er glad for at regjeringa legg til rette for at Sørlandets Kunstmuseum kan forvalte og formidle denne unike samlinga av modernistisk kunst på godt vis, seier kulturminister Trine Skei Grande i ei pressemelding.

– Dette prosjektet vil ikkje berre bidra til å løfte kulturlivet i Kristiansand og regionen rundt, men også til at Sørlandet får ei særs sentral rolle i det norske kulturlandskapet. Dette vil komme lokalt næringsliv, reiseliv og samfunnet elles til gode, seier statsråden.

Trine Skei Grande taler til valgvaken

Kulturminister Trine Skei Grande har stor tru på kunstsiloprosjektet i Kristiansand.

Foto: NRK

Over 1000 kunstverk

Siloen skal blant anna innehalde kunstsamlinga til Nicolai Tangen, som har gitt evig disposisjonsrett til samlinga av over 1000 verk. I tillegg skal Sørlandets Kunstmuseum flytte inn i siloen. Til saman vil kunstsiloen koste over ein halv milliard kroner.

Målet til initiativtakarane er at siloen skal bli eit landemerke på nivå med operaen i Oslo, Grieghallen i Bergen og naboen Kilden i Kristiansand. Målet deira er å lage eit museum av nasjonal betydning – og eit museum som er internasjonalt synleg.

Men det har storma rundt siloen i lang tid. Netthandelen-gründer Einar Øgrey Brandsdal sette mellom anna i gang ein underskriftskampanje mot bygginga. Over tusen skreiv under.

Debatten har også vore prega av skuldingar om inhabilitet og venskap mellom politikarar og kulturtoppar.

Både prislappen på over ein halv milliard, og at siloen vil trenge 150 000 besøkande årleg for å kunne betene gjelda si har vore dei største stridstema.

Reidar Fuglestad

Administrerende direktør for SKMU og Kunstsiloen i Kristiansand, Reidar Fuglestad.

Milliondryss

Tidlegare har mellom anna stiftinga Cultiva løyvd 100 millionar kroner til kunstsiloen. I tillegg har Kristiansand kommune sett av 50 millionar kroner til siloen.

Både Aust- og Vest-Agder fylkeskommunar har sett av pengar til finansiering av siloen. Til saman går dei inn med 30 millionar kroner.

Kunstsiloen

Slik ser kunstsiloen ut i dag.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK