Hopp til innhold

15-åringar rømte frå politiet i stolen bil

Tre 15-åringar og ein 14-åring frå Sørlandet nekta å stoppe for politiet på E18 i Vestfold natt til onsdag. Barnevernsbarna er kjenningar av politiet.

Politiet sende ut fleire bilar for å prøve å stoppe bilen som gjekk sørover på E18.

Det vart lagt ut spikermatte og fekk stoppa bilen utanfor Tønsberg i halv eitt-tida. Bilen stoppa før den kom fram til spikermatta.

Bilen skal ha hatt ein snittfart på 167 kilometer i timen. Dei fire hadde rømt fra ein barnevernsinstitusjon på Sørlandet.

Køyrde fort

– Bilen heldt ganske høg hastigheit og vi prøvar å vere litt forsiktig i slike situasjonar, seier operasjonsleiar Jan Kristian Johnsrud, ved Søndre Buskerud Politidistrikt til Tønsbergs Blad.

LES OGSÅ: 15-åring pågrepet for bankran

Ifølgje avisa skjedde pårgripinga utan dramatikk.

– Det gjekk roleg føre seg. Men det viste seg at det var fire gutar som køyrde ein stolen bil. Gutane er frå kristiansandsområdet og var på rømmen frå ein institusjon, seier han.

Dei fire skal også ha vore innom ein butikk i Larvik tidlegare på kvelden.

LES OGSÅ: Sliter med å stanse ungdomsranere
LES OGSÅ: Ruller opp ungt ransmiljø

Bankran på Plussbank Rona

SIKTA: Ein 15-åring frå det same miljøet er sikta for ranet av Sparebanken Pluss i Kristiansand i sommar.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

– Gjengangarar

– Der har dei prøvd å stele ei tippekasse. Dette klarte dei ikkje då dei vart hindra av betjeninga, seier Johnsrud.

Politiet har nesten dagleg fått inn meldingar på lovbrot som er begått av barn frå institusjonar. Det er dei same barna som går att gang på gang.

– Vi får meldingar fleire gonger i veka. Ein del av dei har blitt meldt sakna fleire gonger i veka det siste året, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Børge Steinsland til NRK.no.

Gutar frå miljøet er også mistenkt og sikta for fleire ran i sommar. Ein 15 år gammal gut er sikta i samband med ranet på Sparebanken Pluss på Rona i Kristiansand i juli.

To av tenåringene fikk et forelegg på bruk av narkotika.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %