Hopp til innhold

14-åring vann pris

Den 14 år gamle Tor Hoslemo frå Bykle i Setesdal vann folkemusikkprisen for unge utøvarar under telemarkfestivalen torsdag kveld.

Tor Hoslemo
Foto: Telemarkfestivalen

Det er sjette gong at prisen for unge folkemusikkutøvarar delast ut, det gjekk føre seg under Opningskonserten på Telemarkfestivalen i går kveld. Prisvinnaren var 14 år gamle Tor Hoslemo frå Bykle i Setesdal, som spelar hardingfele.

 

Eckbo Legaters Folkemusikkpris er ein nasjonal utmerking for unge utøvarar. Prisen har til formål å inspirere unge folkemusikkutøvarar.

 

Juryen la vekt på at prisvinnaren trass i sin unge alder har vist stor interesse for hardingfelespelet frå Setesdal. At den unge felespelaren kjem frå eit område der rekrutteringa er låg, meiner juryen gjer prisvinnaren desto meir bemerkelsesverdig.

 Tor Hoslemo begynte i 2002 å lære hos Marton Laksesvela frå Rysstad, og går no i lære hos Vidar Lande på Rauland. Tor Hoslemo har vunne C-klassa på Vinterkappleiken på Rauland to gonger, i 2005 og 2006.

 Eckbo Legaters Folkemusikkpris for unge utøvere er ein pris som delast ut ein gong i året. Prisen er på kr. 15 000,- og det følgjer eit diplom med prisen.

 

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %