Hopp til innhold

100.000 laks døydde i oppdrettsanlegg

Over 100.000 nær slakteklare laks døydde sist veke i eit Marine Harvest-anlegg i Hidrasundet i Vest-Agder.

Marine Harvest, Flekkefjord

Unormale straumforhold førte til at 100 000 laks døydde i eit opprettsanlegg i Flekkefjord.

Foto: Lars Eie/NRK

– Vi hadde unormalt mykje fisk som døydde i slutten av førre veke. Det oppstod unormale og svært vanskelege straumforhold. Det gjorde at mykje fisk døydde i anlegget i Skipningsdalen, seier kommunikasjonssjef Ola Helge Hjetland i Marine Harvest til avisen Agder.

Robin Scotland

Robin Scotland er områdesjef i Marine Harvest.

Foto: Lars Eie/NRK

Hjetland seier at dei spesielle straumforholda var så kraftige at det gjorde det vanskeleg for fisken å svømme mot straumen slik den normalt gjer.

400 tonn fisk

– Vi hadde tilfelle av ekstrem straum i sjøen torsdag kveld og natt til fredag. Det kom frå vest og trefte anlegget lengst vest, seier områdeleiar i Marine Harvest, Robin Scotland til NRK.

Kommunikasjonssjefen går ikkje ut med verdien på tapet, men bekreftar at det var fisk som snart var slakteferdig.

Avisa Agder har rekna seg fram til at det truleg er snakk om tap av over 400 tonn med fisk.

Med ein kilopris på 70 kroner, kan det vere snakk om verdiar for rundt 30 millionar kroner.

Mattilsynet varsla

– Det er snakk om store tap, men vi kan ikkje spekulere i eksakt tal. seier Scotland.

Mattilsynet er varsla, og Marine Harvest overvakar situasjonen tett og vurderer kontinuerleg kva tiltak som må setjast i verk.

– Vi har kraftig straum regelmessig. Men ikkje i nærleiken av det vi hadde den siste veka, seier Scotland.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %