Hopp til innhold

100 livbøyer forsvinn kvart år: – Ubegripeleg

Årleg stelast og øydeleggast over 100 livbøyer frå kystlinja i Noreg. – Vi håper folk skjøner livbøyene er der for å redde liv, seier Tryg Forsikring.

Mange livbøyer langs kysten har forsvunnet eller blitt ødelagt i sommer. Skjærgårdstjenesten i Risør er noen av de som opplever at folk ikke kan la bøyene henge i fred

Sjå reportasje: Over 100 livbøyer i heile landet vert stelt eller øydelagt kvart år.

– Det er ein trist og ubegripeleg trend, seier sjef for Tryg Forsikring i Noreg, Espen Opedal.

Årleg vert over 100 livbøyer fjerna lang kysten, kjem det fram i ei pressemelding frå forsikringsselskapet.

Det kan koste liv, seier Opedal.

– Vi håper folk skjøner at livbøyene er der for å redde liv. Ei bøye som manglar kan fort vere forskjellen mellom liv og drukningsdød.

Har sørga for over 1000 redningar

Sidan livbøyene kom i 1952 har det blitt plassert ut 40 000 livbøyer langs kyst og vatn. Desse har sørga for rundt 1000 redningar over heile landet.

Skjærgårdstjenesten i Risør er nokon av dei som opplever at folk ikkje kan la bøyene henge i fred.

– Det er diverre slik at vi kjem til tomme stativ, seier Yngve Hansen i Risør kommune.

– Dei stel taua eller så tek dei heile bøyen. Det ser ut til at anten så har dei glede av å fjerne dei, eller så tek dei det til eige bruk.

Dei siste åra har eit titals bøyer forsvunne frå Risør.

– Eg tykkjer det er veldig dumt, dei er trass alt hengt ut for at dei skal redde menneske viss det skjer noko, seier Hansen.

Livbøye pressefoto

Sidan 1952 har det blitt plassert ut 40 000 livbøyer langs kyst og vatn i Noreg. Fleire av desse forsvinn kvart år.

Foto: Steen, Arvid / Tryg

– Trur ikkje folk forstår kor viktige dei er

Under turistsesongen forsvinn bøyene. Kvart år må Tryg Forsikring sende ut over 100 nye livbøyer etter hærverk eller tjuveri over heile landet.

I Arendal har det også forsvunne fleire bøyer, men der har ei av bøyene fått montert på ein GPS-sendar.

Hansen skulle ønskje alle kunne forstå viktigheita av dei.

– Eg trur ikkje dei er heilt klar over kor viktige dei er. Dei skal jo vere her for å redde liv.

Tryg forsikring opplyser om at viss ein finn eit tomt livbøyestativ kan ein kontakte anten kommunen eller leiinga i den aktuelle båtforeininga.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %