Vil få fleire barnefamiliar til å bruke sykkel
Kristiansand kommune vil få fleire barnefamiliar til å bruke sykkel i staden for bil. Torsdag fortalde NRK at det har vore ei auke på 16 prosent i sykkelbruk i Kristiansand dei siste tre åra.
I andre byar har sykkelbruken stagnert i same tidsrom.
No lånar kommunen ut familiesyklar i håp om at fleire vil ta i bruk sykkelen, ifølgje sykkelgledeambassadør og rådgiver, Aenne Ramm.