Uthus totalskada i brann
Ein vinkelslipar som nyleg hadde vore i bruk var truleg årsaka til at det byrja å brenne i eit uthus i Gjerstad natt til onsdag. Lagring av bensin, parafin og bildekk gjorde at brannen utvikla seg raskt, skriv Aust-Agder Blad. Uthuset vart totalskada.