Kampestein raste ned på gangveg
Ein kampestein raste fredag ettermiddag ned på ein gang- og sykkelveg langs fylkesveg 44 i Tjørsvågstrand i Flekkefjord. Hendinga vart meldt av tilfeldig forbipasserande, skriv avisa Agder. Det skal ikkje vere nokon ytterlegare rasfare på staden.