Stolen bil funnen kollidert
Søndag morgon vart det funne ein kollidert bil som var tom like ved skisenteret på Hovden. Bilen, som er ein raud Toyota, skal vere stolen. Politiet driv åstadsundersøking, og ønskjer tips frå publikum som har sett kollisjonen eller personar ved staden.