Trafikkulykke i Lillesand
Naudetatane har rykt ut etter melding om ei utforkøyring i Lillesand. Ifølgje politiet er ein bil involvert i ulykka. Føraren skal vere ute av bilen, men skadeomfanget er ikkje kjent. Vedkomande er oppegåande, og vert køyrt til legevakt for sjekk.