Mann falt ned frå rådhus
Ein mann forsøkte å klatre ned frå taket på rådhuset i Søgne, etter at han blei låst inne. Agder politidistrikt opplyser til NRK at mannen er frakta til sjukehus med eit beinbrot. Ikkje snakk om straffbare forhold, då rådhuset var ope då han gjekk inn.