Jobbar for bru til Hidra
Hidra Velforening går no sjølv i gong med å finne ut kor mykje det vil koste å bygge bru til Hidra. Torsdag vart det klart at det er uaktuelt med undersjøisk tunnel blant anna fordi den vert for bratt. – Vi sit ikkje stille og ventar på byråkratane, seier leiar John Hansen.