Dømd for promillekøyring
Ein mann (20) er dømd til 24 dagars fengsel for promillekøyring. Mannen køyrde heim etter ein fest i Lillesand i juli i fjor, skriv Fædrelandsvennen. Ifølgje avisa hadde mannen 1,17 i promille då han køyrde av vegen. Mannen er framleis 100 prosent sjukmeld.