Dømd for blind vald
Ein mann (22) er dømd til fengsel i eitt år for vald mot den tidlegare Vindbjart-spelaren Simen Gimmestad. I mars i 2014 slo mannen eit ølglas i ansiktet på Gimmestad slik at han fekk kraftig nedsett syn. Simen Gimmestad døydde i desember i fjor. Dødsårsaka var truleg eit epilepsianfall.