Beslagla mindre narkotika
Tolletaten i Kristiansand beslagla langt mindre narkotika i 2015 samanlikna med året før. Det vart beslaglagt i overkant av 2,6 kilo cannabis i fjor mot over 12 kilo året før. Tolletaten beslagla 149 gram amfetamin. Det er mykje mindre enn dei to føregåande åra.