150 asylsøkjarar til camping
Solstrand camping i Lindesnes skal truleg ta imot 150 flyktningar i neste veke, skriv Lindesnes. – Det er endå ikkje underskrive noko kontrakt, og slik sett er ingenting klart. Men vi ventar å signere papir med UDI snarleg, seier dagleg leiar Stian Lauvås til avisa.