Opptil 1000 fleire arbeidsledige
I løpet av dei fire neste månadane kan det bli opptil 1000 nye arbeidsledige berre i Vest-Agder, ifølgje avdelingsdirektør Per Lund i Nav i Vest-Agder. Denne veka varsla NOV fleire oppseiingar, og no er det 5400 personar i Agder som står utan jobb.