Truga politimann med kniv
Ein mann (23) truga ein politimann med kniv då han vart pågripen i Grimstad. Mannen var mistenkt for eit MC-tjuveri og hogg etter politimannen med ein kniv utan å treffe då han vart pågripen. Mannen er sett i arresten. Politimannen vart ikkje skada i pågripinga.