Hund gjekk laus på saueflokk
Ein hund tok livet av to sauer då den gjekk til angrep på ein saueflokk på Lista i går ettermiddag, skriv Lister24. Tre andre sauer vart skada i angrepet. Hunden er no plassert i kennel. Det er førebels ikkje klart om den skal avlivast.